Du lærer
- økonomisk og berekraftig drift
- om marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
- administrasjon og digitale verktøy
- om reiseliv og turisme
- kundebehandling og sal
- planlegging og gjennomføring av tryggleikstiltak
Aktuelle arbeidsstader
Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er meint for dei som har gått yrkesfag.
Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse – etter Vg2 eller
– etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du høve til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, til dømes ingeniørstudium, realfagsstudium og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er meint for deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innanfor realfags- og ingeniørstudium.