Du lærer
- om helsefremjande arbeid
- om fysisk og psykisk helse
- om korleis kroppen er bygd opp
- om kommunikasjon og samhandling
- om utviklinga til barn og unge
- om kost, ernæring og hygiene
På helse- og oppvekstfag lærer du om korleis du kan fremje helse, trivsel og utvikling hos menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Du får øve på praktiske ferdigheiter, kommunikasjon, omsorg og samarbeid. Du lærer også om kroppen, psykisk og fysisk helse, kosthald, førstehjelp, smittevern, etikk og bruk av teknologi. Utdanningsprogrammet passar for deg som vil jobbe med menneske og bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet.
helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør
aktivitør eller eller barne- og ungdomsarbeidar
apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar
Aktuelle arbeidsstader
Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.