Inntaket til vidaregåande opplæring byggjer på karakterane dine frå 10. trinn. Du søkjer på tre utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje, og poengsummen frå karakterane avgjer kven som får plass når det er fleire søkjarar enn ledige plassar.
Informasjon frå Vestland
Vestland har åtte inntaksområder. Du høyrer til eit inntaksområde ut frå kva kommune du er folkeregistrert i. Når du søkjer til Vg1 på vidaregåande skular innanfor ditt inntaksområde, får du 100 inntaksområdepoeng.
Du kan sjå kva skular som høyrer til ditt inntaksområde nedanfor.
Søkjarar frå enkelte kommunar eller postnummer kan få inntaksområdepoeng til skular utanfor sitt eige inntaksområde (sjå oversikta nedanfor).
Dersom eit utdanningstilbod ikkje finst i ditt inntaksområde, får du inntaksområdepoeng til alle skular som tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet.
Inntaksområdepoeng gjeld ikkje ved søknad til:
- Idrettsfag
- Musikk, dans og drama
- Naturbruk
- Pre-IB (studiespesialisering med førebuande IB)
- Yrkes- og studiekompetanse (YSK)
- Yrkesfaglege løp med studiekompetanse (elektro og datateknologi og helse- og oppvekstfag)
Inntaksområder
Kommunar: Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes
Vidaregåande skular: Stord vgs, Bømlo vgs, Fitjar vgs, Kvinnherad vgs og Austevoll vgs
- Søkjarar frå Kvinnherad kommune får inntaksområdepoeng også til Odda vgs
- Søkjarar frå Kvinnherad kommune, postnummer 5635 Hatlestrand, 5636 Varaldsøy og 5637 Ølve får inntaksområdepoeng også til Fusa vgs og Kvam vgs
- Søkjarar frå Tysnes kommune får inntaksområdepoeng også til Os vgs, Os gymnas og Fusa vgs. og dei vidaregåande skulane i Bergen kommune
- Søkjarar frå Etne kommune, postnummer 5596 Markhus og 5598 Fjæra får inntaksområdepoeng også til Odda vgs
Kommunar: Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ulvik, Ullensvang, Vaksdal og Voss
Vidaregåande skular: Odda vgs, Voss vgs, Voss gymnas og Kvam vgs
- Søkjarar frå Samnanger kommune får inntaksområdepoeng også til Osterøy vgs, Fusa vgs Os vgs, Os gymnas og dei vidaregåande skulane i Bergen
- Søkjarar frå Vaksdal kommune får inntaksområdepoeng også til Osterøy vgs og dei vidaregåande skulane i Bergen
- Søkarar frå Kvam kommune får inntaksområdepoeng også til Fusa vgs
Kommunar: Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden
Vidaregåande skular: Amalie vgs, Arna vgs, Bergen Katedralskole, Lakesvåg og Bergen maritime vgs, Fyllingsdalen vgs, Nordahl Grieg vgs, Langhaugen vgs, Olsvikåsen vgs, Sandsli vgs, Slåtthaug vgs, Stend vgs, Tertnes vgs, Årstad vgs, Åsane vgs, Askøy vgs, Sotra vgs, Osterøy vgs, Austevoll vgs, Os vgs, Os gymnas, Fusa vgs
- Søkjarar frå Bergen kommune får inntaksområdepoeng også til Knarvik vgs
- Søkjarar til Vg2 ambulansefag frå inntaksområde 1, 2, 3 og 4 får inntaksområdepoeng til Os vgs
Kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen
Vidaregåande skular: Austrheim vgs, Knarvik vgs
- Søkjarar frå Alver kommune får inntaksområdepoeng også til dei vidaregåande skulane i Bergen kommune
- Søkjarar frå Modalen kommune får inntaksområdepoeng også til Voss vgs., Voss gymnas og dei vidaregåande skulane i Bergen
{Trekkspill tittel="Inntaksområde 5: Indre Sogn"}
Kommunar: Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster
Vidaregåande skular: Sogndal vgs og Årdal vgs
- Søkjarar frå Aurland kommune får inntaksområdepoeng også til Voss gymnas og Voss vgs
- Søkjarar frå Sogndal kommune, postnummer 6898 og 6899 Balestrand, får inntaksområdepoeng også til Høyanger vgs
- Søkjarar frå Vik kommune får inntaksområdepoeng også til Voss gymnas og Voss vgs
{/trekkspill}
Kommunar: Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll og Fjaler
Vidaregåande skular: Dale vgs
- Søkjarar frå Askvoll, postnummer 6983 Kvammen, får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
- Søkjarar frå Askvoll kommune, postnummer 6986 Værlandet og 6987 Bulandet får inntaksområdepoeng også til Førde vgs. og Flora vgs. og Måløy vgs
- Søkjarar frå Gulen kommune får inntaksområdepoeng også til Austrheim og Knarvik vidaregåande skular
- Søkjarar frå Solund kommune får inntaksområdepoeng også til Austrheim vgs. og Flora vgs
Kommunar: Sunnfjord, Kinn sør og Høyanger
Vidaregåande skular: Førde vgs, Flora vgs og Høyanger
Søkjarar frå Høyanger kommune, postnummer 5962 og 5965 Bjordal, får inntaksområdepoeng også til Knarvik vgs
- Søkjarar frå Høyanger kommune, postnummer 6946 og 6947 Lavik får inntaksområdepoeng også til Dale vgs
- Søkjarar frå Kinn sør får inntaksområdepoeng også til Måløy vgs
- Søkjarar frå Sunnfjord kommune, postnummer 6841 og 6843 Skei i Jølster, får inntaksområdepoeng også til Firda vgs
- Søkjarar frå Sunnfjord kommune, postnummer 6971 og 6973 Sande i Sunnfjord og postnummer 6976 og 6977 Bygstad, får inntaksområdepoeng også til Dale vgs
- Søkjarar til vg2 ambulansefag frå inntaksområde 5, 6, 7 og 8 får inntaksområdepoeng til Førde vgs
Kommunar: Stad, Stryn. Gloppen, Kinn nord og Bremanger
Vidaregåande skular: Eid vgs, Stryn vgs, Firda vgs, Måløy vgs
- Søkjarar frå Gloppen kommune, postnummer 6821, 6822 og 6823 Sandane og postnummer 6828 Hestenesøyra får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
- Søkjarar frå Gloppen kommune, postnummer 6826 og 6830 Byrkjelo og 6827 Breim, får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
- Søkjarar fra Gloppen kommune, postnummer 6829 og 6831 Hyen får inntaksområdepoeng også til Førde vgs. og Flora vgs
- Søkjarar frå Kinn nord får inntaksområdepoeng også til Flora vgs
- Søkjarar frå Bremanger kommune får inntaksområdepoeng også til Flora vgs
- Søkjarar frå Bremanger kommune, postnummer 6721 og 6723 Svelgen får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
Tilleggspoeng
Søkjarar som har dette som sitt første ønskje kan få tilleggspoeng etter å ha gjennomført ein ferdigheitsprøve.
Tilleggspoeng blir gitt etter følgjande skala:
- 3 poeng: Søkjaren viser dugleik utover gjennomsnittet
- 6 poeng: Søkjaren viser dugleik som vidarekomen, og har eit stort potensiale
- 9 poeng: Skal berre gjevast til søkjar som viser framifrå dugleik, og har eit uvanleg stort potensiale
Søkjarar som har dette som sitt første ønskje kan få tilleggspoeng etter å ha gjennomført ein ferdigheitsprøve.Til trinn 1 Idrettsfag kan det bli gitt tilleggspoeng etter følgjande skala:
- 3 poeng: Regionaltnivå
- 6 poeng: Landslagsnivå
- 9 poeng: Internasjonalt nivå
Dokumentasjon skal lastast opp i søknaden i Vigo. For meir informasjon sjå heimesida til skulane.