Individuell behandling – inntak til Vg1
Du skal ikkje takast inn etter poeng, men etter ei individuell behandling viss du
- manglar karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskulen.
- har gått på ein godkjent tiårig grunnskule og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar.
- har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter ei realkompetansevurdering.
- må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar.
Blir du teken inn etter individuell behandling, har du ikkje rett til inntak på eit særskilt utdanningsprogram, men rett til inntak på eitt av tre prioriterte utdanningsprogram.
Individuell behandling – inntak til Vg2 og Vg3
Du skal ikkje takast inn etter poeng, men etter ei individuell behandling viss du
- har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar, eller ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag.
- har vedtak om individuell tilrettelegging på førre trinn, og på grunn av vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag på Vg1 eller Vg2.
- planlegg å følgja vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål.
- må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar.
Ikkje bestått eitt eller fleire fag på førre trinn.
Ved individuell behandling må fylkeskommunen vurdera om det er dokumentert at du har den kompetansen som er nødvendig for å følgja opplæringa på neste trinn, og om du samla sett har faglege føresetnader for å følgja opplæringa på dette nivået.
Føresegnene om inntak etter individuell behandling finst i opplæringsforskrifta (§ 4-20 og § 4-26).
Informasjon frå Vestland
Individuell behandling
Søkjarar som ønskjer individuell behandling må:
- Registrere søknaden sin på vigo.no innan 1. februar
- Sende inn vedleggsskjema innan 1. februar
Dokumentasjon og uttale frå avgjevarskule skal lastast opp i vedleggsskjemaet.
Skjemaet blir tilgjengeleg frå starten av januar.
Ved individuell behandling har du rett til inntak på eitt av tre valde utdanningsprogram
Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1, § 4-20
I Vedleggsskjema skal du krysse av for ein av følgjande hovudkategoriar:
- Søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga frå grunnskulen
- Minoritetsspråklege søkjarar med rett til særskild språkopplæring
- Søkjarar som nyleg har kome til Noreg
- Søkjarar med andre særlege grunnar som krev individuell behandling
- Det må liggje føre tungtvegande grunnar, og søkjaren må ha eit særleg behov for individuell behandling
- Døme: barnevern, institusjon, mobbing, sjukdom eller behov for nærleik til sjukehus/behandlar
All dokumentasjon må vere sendt inn innan søknadsfristen 1. februar.
Dersom dokumentasjonen ikkje er klar til fristen, skal dokumentasjonen ettersendast så snart som mogleg ved bruk av skjemaet «Ettersending av dokumentasjon».
Søkjarar som vert tekne inn gjennom individuell behandling, får tilbod om skuleplass i Vigo ved første inntak.