Du lærer
- å teikne
- utforming av gjenstandar i forskjellige materialar
- å vidareutvikle dei kreative evnene dine
- om kunst og kultur
- om stad- og byutvikling
- teoretiske fag
Kunst, design og arkitektur passar for deg som liker å utforska idear, skapa visuelle uttrykk og finna løysingar gjennom praktisk arbeid. Du lærer å bruka form, farga, materiale, teknikkar og digitale verktøy i arbeid med kunst, design og arkitektur. Utdanningsprogrammet handlar om å utvikla idear frå skisse til ferdig uttrykk, teikna og visualisera rom, form og løysingar, og prøva ut idear gjennom modellar og prototypar. Du får også læra korleis kunst, design og arkitektur heng saman med kultur, samfunn, historie og berekraft.
arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar
Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet
Aktuelle arbeidsstader
Mange arkitektur- og kunstfaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
Nokre studier krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium og arkitektur ved NTNU. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På kunst, design og arkitektur kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.