Videre utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er meint for dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
– etter Vg2 eller - – etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du høve til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, til dømes ingeniørstudium, realfagsstudium og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er meint for deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innanfor realfags- og ingeniørstudium.