Kunst, design og arkitektur

Du lærer

  • å teikne
  • utforming av gjenstandar i forskjellige materialar
  • å vidareutvikle dei kreative evnene dine
  • om kunst og kultur
  • om stad- og byutvikling
  • teoretiske fag

Passar for deg som

  • liker å teikne, visualisere og utvikle eigne idear
  • vil arbeide praktisk med form, farge, materialar og teknikkar
  • er interessert i kunst, design, arkitektur og visuelle uttrykk
  • liker å utforske løysingar frå skisse til ferdig uttrykk
  • er oppteken av korleis kultur, samfunn og berekraft påverkar kunst, design og arkitektur

Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli:

  • arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
  • produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
  • kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar
  • Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet

Arbeidsstader kan vere

  • arkitektkontor eller bygg- og entreprenørbedrifter
  • produksjonsbedrifter eller designbyrå
  • museum, galleri eller kunstneratelier

Opptakskrav til høgare utdanning

  • Opptaksprøver: Mange arkitektur- og kunstfaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
  • Realfagskrav: Nokre studier krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium og arkitektur ved NTNU. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På kunst, design og arkitektur kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

Val av fag

  • Tre programfag kan du velje sjølv, ett på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan kunst, design og arkitektur og/eller fag fra eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
  • Det er opp til skolen din kva programfag ein tilbyr.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir ved opptak til høgare utdanning.