Loading...

Kva passar for deg?

Det er ikkje alltid lett å vita kva ein skal bli medan ein framleis går på ungdomsskulen. Det viktigaste du gjer no, er ikkje å finna det "perfekte" yrket for resten av livet, men å finna ei retning som gir deg meistringskjensle og motivasjon i åra som kjem.

Her er nokre spørsmål og råd som kanskje kan gjera valet ditt litt enklare.

Dine styrkjer og interesser

Alle er gode til noko, men det er ikkje alltid me ser det sjølv. Dine sterke sider handlar om meir enn berre karakterar.

Kva gir deg energi? Er det å tekniske problem, vera kreative, hjelpa andre eller bruka kroppen fysisk?
Kva seier andre om deg? Spør ein venn, ein lærar eller foreldra dine: "Kva synest du eg får til bra?" Ofte ser andre talent hos deg som du tek for gitt.
Teori eller praksis? Trivst du best med fordjuping i bøker, eller lærer du best når du får prøva ting i røynda? Begge delar er like viktig.
 

Dine eigenskapar og arbeidsstil

Korleis du fungerer saman med andre seier mykje om kva miljø du vil trivast i.

Samarbeid: Trivst du best med å jobba i team mot eit felles mål, eller liker du å ha ansvar for dine eigne oppgåver og jobba sjølvstendig?
Struktur: Liker du klare rammer og faste rutinar, eller trivst du best når ingen dagar er like?
Kommunikasjon: Liker du å formidla og snakka framfor folk, eller er du den som lyttar, observerer og sørgjer for at detaljane blir rette?
 

Verdiar og motivasjon

I dag handlar val av utdanning for mange om meir enn berre ein jobb. Det handlar om kva forskjell ein vil utgjera.

Kva er viktig for deg? Vil du jobba med berekraft og miljø? Vil du til dømes skapa noko nytt gjennom teknologi og design? Eller brenn du kanskje for å gi andre menneske ein betre kvardag?
Kva motiverer deg? Er det tryggleik og god lønn, eller er det viktigare med ei varierte kvardagen og moglegheita til å reisa eller jobba utandørs?
 

Helse og spesielle krav

Det er lurt å tenkja over om kroppen din vil trivast med arbeidsoppgåvene i det yrket du vurderer. Nokre utdanningar går føre seg på stader eller med utstyr som krev at du tek omsyn til helsa di.

Allergiar: Tenk over om yrket gjer at du kjem i kontakt med ting du ikkje toler. Døme på dette kan vera kjemikaliar, støv, plantar, dyr eller sterke stoff som oljar, løysemiddel, sement eller lim. Dette kan irritera både hud og luftvegar.
Fysisk arbeid: Mange yrke krev at du står og går nesten heile dagen, eller at du må løfta tungt og jobba i kronglete stillingar. Er du mykje plaga med til dømes rygg eller kne, er det lurt å sjekka kor tung kvardagen i yrket faktisk er.
Politiattest: Om du skal jobba med barn, pasientar eller heilt sikkert må du levera politiattest. Dette blir som regel gjort før du skal ut i praksis eller starta i jobb. Er du usikker på kva som kjem på ein slik attest, kan du snakka heilt trygt med rådgivaren din om det.

Ditt val!

Det er naturleg å snakka med venner og familie, men hugs at det er du som skal gå på skulen kvar dag.

Vennskap og val: Det er lett å bli påverka av kva vennene dine søkjer, men interessene deira er ikkje nødvendigvis like. Vel det som passar deg. Du mistar ikkje vennene dine sjølv om de går på ulike skular eller vel ulike utdanningsprogram.
Forventningar heimanfrå: Lytt til råd frå foreldre, men kjenn etter om du vel fordi du vil det sjølv, eller for å gjera andre stolte?

Vegen blir til medan du går

Mange er redde for å "velja feil". Det er viktig å hugsa at det norske utdanningssystemet er veldig fleksibelt.

Interesser endrar seg: Det du er oppteken av i dag, er kanskje ikkje det same når du er 20. Det er heilt normalt.
Fleire vegar til målet: Vel du yrkesfag kan du seinare ta påbygg for å studera på universitetet. Vel du studieførebuande kan du også skifta retning eller spesialisera deg seinare i livet.
Snakk med andre: Bruk rådgivaren på skulen din aktivt. Dei er der for å hjelpa deg med å sortera tankane, ikkje for å dømma vala dine.