Endring av søknaden

Fram til søknadsfristen går ut, kan du endre søknaden så mange gonger du vil, på vigo.no

Det kan òg vere mogleg å endre søknaden av medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar. Det skal i så fall dokumenterast, og søknad om endring må derfor som regel sendast inn skriftleg via den skolen du går på. Ta kontakt med rådgivaren, OT-tenesta eller inntakskontoret dersom du ønskjer meir informasjon.

Ver merksam på at reglane og fristane for endring av søknaden varierer frå fylke til fylke.

Møre og Romsdal

Informasjon frå Møre og Romsdal

Ingen endring av søknad etter søknadsfristen 1. mars med mindre det ligg føre tungtvegande medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar. Desse må dokumenterast.

Send søknad og dokumentasjon via eDialog

Om du får nytt mobilnummer eller e-postadresse, må du hugse å registrere dette på vigo.no innan 15. juni.