Du lærer
- om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
- om automatisering og programmering av robotar
- om maskiner og produksjonsutstyr
- om køyretøy og transport
- om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
- om helse, miljø og tryggleik
aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeidar
verktøymakar eller finmekanikar
faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
logistikkoperatør eller yrkessjåfør
anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
bore- eller brønnoperatør
matros eller motormann
Aktuelle arbeidsstader
Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.