Loading...

Minoritetsspråklige søkere

Videregående opplæring bygger på 10. trinn i grunnskolen. Videregående opplæring fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Du må søke om plass i videregående opplæring.
Møre og Romsdal

Informasjon fra Møre og Romsdal

For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha:

· Lovleg opphald i Norge, og

· Fullført norsk grunnskole, eller

· Ha dokumentasjon på fullført allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år, eller

· Realkompetanse tilsvarande fullført norsk grunnskoleopplæring, vurdert av kommunen, eller,

· Fullført grunnskoleopplæring for vaksne i kommunen.

Ventar på vedtak om opphaldsløyve

Er du lovleg i landet, oppfyller kravet om fullført grunnskole og ventar på vedtak om opphaldsløyve, gjeld følgjande:

· Er du under 18 år og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i meir enn tre månadar, har du rett til vidaregåande opplæring.

· Du har rett til vidaregåande opplæring til og med det året du fyller 18 år.

Får du avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring fram til datoen vedtaket om avslag trer i kraft.

Norden og EØS

Ungdom frå dei nordiske landa eller barn av arbeidstakarar frå andre EØS-land har same rett til vidaregåande opplæring som ungdom med utdanning frå norsk grunnskole (sjå òg Skolegang i utlandet).

Folkeregisteret

Du må vere registrert i folkeregisteret før søknadsfristen for å bli vurdert for inntak.

Utan norsk karaktergrunnlag

Dersom du ikkje har eit karaktergrunnlag som er samanliknbart med det norske karaktersystemet, vil du bli vurdert individuelt (sjå Inntak etter individuell behandling). Søknadsfrist er 1. februar.

Norsk språk

Det er ikkje krav om norskkunnskapar i inntaket, men du bør ha grunnleggande språklege føresetnadar for å delta i og fullføre vidaregåande opplæring. Dersom du er nyleg komen til Norge og har rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova, bør du ta norskopplæring i kommunen før du søker vidaregåande opplæring. Nærare informasjon får du i bustadkommunen din.

Tilbod for minoritetsspråkleg ungdom

Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, og du kan søke vidaregåande opplæring for ungdom dersom du er mellom 16-24 år.

· Dersom du treng meir opplæring i norsk for å delta i undervisninga, så kan du ha krav på særskilt språkopplæring. Sjå Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar.

· Inntaksreglane og tilboda for minoritetsspråklege kan variere frå fylke til fylke. Søknadsfristen er 1. februar for minoritetsspråklege med behov for tilrettelegging eller individuell behandling i vidaregåande opplæring.

Alle andre minoritetsspråklege skal søke innan 1. mars.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Minoritetsspråklege som har vedtak om eller kan ha rett til særskilt språkopplæring skal fylle ut Webskjema: «Melding om tilretteleggingsbehov i vidaregåande opplæring.» Fristen er 1. februar. Skolen der du kjem inn vil kartlegge norskkunnskapane dine, og du får eit enkeltvedtak om du har behov for særskilt språkopplæring eller ikkje. Du har klagerett på enkeltvedtaket.

Minoritetsspråklege med behov for å søke fortrinn eller individuell behandling i inntaket av andre tungtvegande grunnar ut over språknivå, skal sende inn webskjema «Søke fortrinn eller individuell behandling». Fristen er 1. februar. Det skal da ligge føre ei 1. oktobermelding til fylkeskommunen, og ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk Psykologisk teneste (PPT) i kommunen der du bur.

Det er viktig for rask saksbehandling at dokumentasjon på fullført grunnskole og anna dokumentasjon som er relevant for inntaket og overgangen til vidaregåande opplæring vert lagt ved søknaden. Vitnemål frå utlandet skal vere oversett til norsk eller engelsk.

Søkarar må ha tilgang til ID porten (for eksempel BankID eller MinID) for å logge inn i søknadsportalen i Vigo.no. Dersom søkaren likevel ikkje har tilgang til ID-porten, så ta kontakt med Inntaksseksjonen på e-post: inntak@mrfylke.no

Meir informasjon finst på artikkelsida om minoritetsspråklege søkarar på mrfylke.no.