Informasjon fra Vestland
Innføringskurs er eit tilbod for deg som har fullført grunnskulen, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje undervisninga i eit ordinært utdanningsprogram.
Kurset skal førebu deg til ordinær Vg1, og du får styrka norskkompetansen gjennom arbeid med fag.
Du får opplæring i:
- Norsk
- Samfunnskunnskap
- Engelsk
- Matematikk
- Naturfag
- Kroppsøving
Det blir ikkje gitt sluttvurdering med karakter i faga.
Søknad og inntak til Innføringskurs:
Hovudinntak:
- Søknadsfrist er 1. februar
- Du søkjer via vigo.no
- Du fyller ut digitalt vedleggsskjema
Dokumentasjon på opphaldsløyve og fullført grunnskule
Har du kome til Noreg etter 1. februar og ønskjer å søkje innføringskurs, ta kontakt med
Dette tilbodet passar for deg som har for svake norskkunnskapar til å kunne følgje undervisninga i eit ordinært utdanningsprogram på Vg1. Du får opplæring i dei vanlege faga, men med ekstra tilrettelagt norskopplæring som skal hjelpe deg med å meistre språket
Vg1 Studiespesialiserande for minoritetsspråklege elevar
Dette tilbodet er for minoritetsspråklege elevar som ønskjer å starte på Vg1 Studiespesialisering, men som treng ekstra støtte i norsk.
Etter fullført og bestått Vg1 kan du søkje vidare til ordinært Vg2-kurs innan utdanningsprogrammet Studiespesialisering.
Tilbodet finn du ved Bergen Katedralskole.
Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege
Dette tilbodet er for minoritetsspråklege elevar som ønskjer å starte på Vg1 Helse- og oppvekstfag med ekstra støtte i norsk.
Etter fullført og bestått Vg1 kan du søkje vidare til ordinære Vg2-kurs innan utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag.
Tilbodet finn du ved Åsane vgs og Fyllingsdalen vgs.
Slik søkjer du:
- Registrer søknad på vigo.no
- Fyll ut digitalt "Vedleggsskjema"
- Last opp nødvendig dokumentasjon
Minoritetspråklige kan og søkje ordinær Vg1.
Er du ny i Noreg anbefaler vi deg å ta minst eit år i Innføringsklasse før du startar ordinær vidaregåande opplæring.
Slik søkjer du:
- Register søknad på Vigo.no
- Fyll ut digitalt "Vedleggsskjema" og last opp nødvendig dokumentasjon
Dette er eit krevjande studium for målretta elevar der undervisningsspråket er engelsk. Les meir om Pre-IB og IB.
Søknadsfrist 1. mars
Minoritetspråklege søkjarar som har fullført Vg1 og som skal søkje Vg2 eller elevar som har fullført Vg2 og som skal søkje Vg3 skal registrere ordinær søknad i Vigo. Du treng ikkje å fylle ut vedleggskjema. Du konkurrerer om inntak til neste nivå på karakterpoenga dine.
Grunnleggjande opplæring i norsk og engelsk (nivå A1 og A2) på kveldstid. Dette gjeld for dei som har fylt 18 år og som fekk innvilga opphald i Norge før dei fylte 18 år.
Kriterier:
- Dokumentasjon på fullført vidaregåande opplæring.
- Dokumentasjon på lovleg opphald
- Har fylt 18 år ved oppstart i kurs
Slik søkjer du:
- Fyll ut Søknadsskjema
Søknadsfrist: kontinuerleg opptak gjennom skuleåret.