Videregående opplæring bygger på 10. trinn i grunnskolen. Videregående opplæring fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Du må søke om plass i videregående opplæring.
Informasjon fra Vestland
Søkjarar med fortrinnsrett
Melding om fortrinnsrett (frist 1. oktober):
Elevar som skal søkjast inn etter følgjande paragrafer, må meldast til fylkeskommunen innan 1. oktober via meldeskjema:
- § 4-21: Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram ved inntak til vidaregåande trinn 1
- § 4-22: Fortrinnsrett til ein skule som er særskilt tilrettelagd ved inntak til vidaregåande trinn 1
Elevar som søkjer inn etter følgande paragraf treng ikkje sende inn meldeskjema.
- § 4-23:Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk
Alle som ønskjer å søkje med fortrinnsrett må:
- Registrere søknaden sin på vigo.no innan 1. februar
- Sende inn vedleggsskjema innan 1. februar
- Dokumentasjon og uttale frå avgjevarskule skal lastast opp i vedleggsskjemaet.
Skjemaet blir tilgjengeleg frå starten av januar.
All dokumentasjon må vere sendt inn innan søknadsfristen 1. februar. Dersom dokumentasjonen ikkje er klar til fristen, skal dokumentasjonen ettersendast så snart som mogleg ved bruk av skjemaet «Ettersending av dokumentasjon».