Informasjon fra Vestland
Retten til vidaregåande opplæring er avgrensa til det fylket der søkjaren har folkeregistrert adresse per 1. mars. Du kan søkje om skuleplass i Vestland fylkeskommune sjølv om du ikkje er busett i fylket, men du konkurrerer då om skuleplass etter fylket sine eigne søkjarar.
Søkjarar som planlegg å flytte til Vestland frå andre fylker
Søkjarar med ungdomsrett frå andre fylker og som planlegg å flytte til Vestland, må søke skuleplass innan 1. mars, krysse av for flytting i søknad på www.vigo.no og fylle ut fylket sitt eige skjema “melding om flytting”. For å få ungdomsrett i Vestland og vere med i inntaket, må dokumentasjon liggje føre innan 1.juni.
- Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni
- Last opp dokumentasjon på flyttinga
- Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni
- Last opp dokumentasjon på flyttinga
- Dokumentasjon kan til dømes vere godkjent flyttemelding frå folkeregisteret, kopi av leige- eller kjøpekontrakt for bustad, eller kopi av arbeidsavtale for føresette.
- For å få ungdomsrett i Vestland må flyttinga vere planlagd. Dersom du har søkt i eit anna fylke i tillegg til Vestland, vil du ikkje få ungdomsrett i Vestland.
- Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni
- Last opp dokumentasjon på flyttinga/adressa du skal flytte til
Søkjarar som planlegg å flytte innad i Vestland
Dersom du planlegg å flytte innad i Vestland, må du fylle ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni. Dette for at du skal få inntaksområdepoeng til dei rette skulane.
- Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni
- Du kan få inntaksområdepoeng i to inntaksområde
- Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni
- Last opp dokumentasjon på flyttinga
- Dokumentasjon kan til dømes vere godkjent flyttemelding frå folkeregisteret, kopi av leige- eller kjøpekontrakt for bustad, eller kopi av arbeidsavtale for føresette
- Du får inntaksområdepoeng på skulane i detinntaksområdet du flyttar til
- Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 1. juni
- Last opp dokumentasjon på flyttinga/adressa du skal flytte til
- Du får inntaksområdepoeng på skulane i det inntaksområdet du flyttar til, men ikkje i området du flyttar frå