Dette programområdet gir deg grunnlag som utøvande dansar, og for vidareutdanning som utøvar. Det er også ein god bakgrunn for deg som vil utdanne deg vidare innanfor formidling og bruk av dans i andre samanhengar, til dømes som pedagog, terapeut eller aktivitetsleiar.
Programområdet gir deg generell studiekompetanse og grunnlag for å søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Avhengig av tilbodet ved skolen kan du fylle spesielle opptakskrav dersom du kan velje programfag som matematikk og/eller andre realfag. Ved opptak til dei fleste dansestudium er det praktiske opptaksprøver.
Programområdet stiller krav til danseevnene dine. Opplæringa stiller store krav til kunstnariske evner, uthald og øving. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.