Idrettsfag

Du lærer

  • om fysisk aktivitet og trening
  • treningsleiing
  • om helse, kosthald og oppbygginga av kroppen
  • teoretiske fag

Passar for deg som

  • likar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
  • vil utvikle deg gjennom trening, innsats og samarbeid
  • ønskjer å bli betre i éin eller fleire idrettar
  • er interessert i kropp og helse

Om du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli

  • fysioterapaut, idrettspsykolog eller personleg trenar
  • lærar, idrettskonsulent eller rådgivar innan fysisk aktivitet og helse
  • leiar innan naturbasert friluftsliv og turisme
  • politi, befal eller offiser
  • Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet

Arbeidsstader kan vere

  • skolar
  • treningssenter eller idrettsorganisasjonar
  • behandlingsinsitusjonar
  • militær- og politivesen

Opptakskrav til høgare utdanning

  • Opptaksprøver: Forsvaret og politihøgskolen har fysiske minstekrav. Med idrettsfag får du eit godt grunnlag for å gjennomføre fysiske testar.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På idrettsfag kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

Val av fag

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan idrettsfag og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
  • Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.