Handverk, design og produktutvikling
Du lærer
- handverksteknikkar
- om ulike materiale
- om berekraftig design og produktutvikling
- bruk av skisser og produksjonsteikningar
- handverks- og kulturhistorie
Passar for deg som
- interessert i å arbeide med hendene
- interessert i å forme og lage gjenstandar
- nøyaktig og uthaldande
Du kan bli
- urmakar, gull- eller sølvsmed
- kjole- og draktsyar, kostymesyar eller bunadtilverkar
- møbelsnikker, treskjerar eller orgelbyggjar
- keramikar, skomakar eller smed
Arbeidsstader kan vere
- design- og handverksbedrifter
- systover
- teater eller opera
- eiga bedrift
Vidare utdanning
- Vidare utdanning 1: Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Vidare utdanning 2: Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
- Vidare utdanning 3: Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
- Vidare utdanning 4: Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.