Vg1Opplæringa skjer i skole og omfattar både fellesfag (t.d. norsk, matematikk og engelsk) og programfag frå utdanningsprogrammet ditt. |
| Studieførebuande | Yrkesfagleg |
- Opplæringa er for det meste teoretisk.
- Dei fleste skoletimane blir brukte til fellesfag.
- Du har to eller tre programfag (gjeld ikkje studiespesialisering), og i nokre av utdanningsprogramma kan du velje programfag på Vg1.
| - Vg1 skal gje deg ei grunnleggjande opplæring i arbeidsprosessar, teknikkar og verktøy som er typiske for ditt utdanningsprogram.
- Dei fleste timane blir brukte til programfag.
- Du har også faget yrkesfagleg fordjuping, der du får høve til å prøve ut aktuelle lærefag i lærebedrifter.
|
Vg2 På Vg2 vel du mellom dei programområda som finst innanfor utdanningsprogrammet du valde på Vg1. |
| Studieførebuande | Yrkesfagleg |
- I tillegg til fellesfaga vel du mellom ulike programfag etter visse reglar.
- Opplæringa skjer i skole.
| - Du vel eit programområde og får dermed høve til å spesialisere deg i større grad.
- For dei fleste skjer opplæringa i skole.
- Du får fleire timar til faget yrkesfagleg fordjuping enn på Vg1.
- Det finst også nokre få særløp der du etter Vg1 får opplæringa i bedrift (3 år).
|
Vg3 / opplæring i bedrift
Vg3 byggjer på det Vg2 du gjekk på, og det blir gjennomført anten i skole eller i bedrift. |
| Studieførebuande | Yrkesfagleg |
- Du held fram med det programområdet du valde på Vg2, og vel vidare fordjuping i programfag eller nye programfag etter visse reglar.
- Opplæringa skjer i skole.
- Med godkjent vitnemål frå Vg3 kan du søkje høgare utdanning ved høgskole og universitet.
| - Du vel mellom programområde som byggjer på det Vg2 du gjekk på, og du spesialiserer deg no vidare.
- Dei fleste programområda på Vg3-nivå er lærefag. Då får du opplæringa som lærling i ei bedrift, og læretida er 2 år.
- Nokre programområde på Vg3 er i staden 1 års opplæring i skole.
- Nokre få yrkesfaglege løp har Vg3 i skole før dei blir avslutta med 1,5 eller 2 års læretid i bedrift.
|
Oversikt over heile opplæringsløpetOppbygginga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet.
- Gul: Opplæringa skjer i skole.
- Grøn: Opplæringa skjer i bedrift.
- Blå: Opplæringa er fullført og greidd, og du har kompetanse til å gå ut i arbeid eller søkje høgare utdanning.