Loading...

Søknadsfristar og inntakskalender

Søknadsfristar

  • 1. mars er ordinær søknadsfrist for vidaregåande skole og formidling til læreplass.
  • 1. februar er søknadsfrist dersom du har spesielle behov.

Dersom søknadsfristen går ut på ein laurdag eller søndag, blir fristen utvida til etterfølgjande måndag.

Kven søkjer 1. mars?

Søknadsfrist 1. mars gjeld for alle som skal søkje ordinært inntak til videregåande opplæring og til læreplass.

Kven søkjer 1. februar?

For nokre søkjarar er søknadsfristen 1. februar. Dette gjeld:

Sjå òg informasjon frå fylket ditt nedanfor.

Slik søkjer du

  • Du søkjer via nettstaden vigo.no.
  • Nettstaden er open heile døgnet frå byrjinga av januar og fram til søknadsfristen. Han stengjer kl. 23.59 den dagen det er søknadsfrist.
  • Du kan endre på søknaden din heilt fram til fristen går ut 1. februar eller 1. mars. Du kan ikkje søkje via vigo.no etter at søknadsfristen er gått ut.
  • Sjå òg Registrer søknaden din på vigo.no.

Har du spørsmål til din søknad? Ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt for nærmare informasjon.

Vestland

Informasjon frå Vestland

Inntakskalender for skuleåret 2026-2027


6. januar ​

Vigo.no opnar for søknadsregistrering ​

2. februar

  • Søknadsfrist for søkjarar med fortrinnsrett​
  • Søknadsfrist for søkjarar med individuell behandling
  • Søknadsfrist for minoritetsspråklege søkjarar

2.mars

Søknadsfrist for ordinære søkjarar

1.mai-30.juni​

Førehandsvar. ​ I denne perioden kan du registrere førehandsvar på vigo.no. Du kan endre svaret i den ordinære svarperioden om du ønskjer det

Slutten av mai​

Søkjarar med fortrinnsrett får melding om inntak

1. juni

Frist for sende inn Vestland fylke sitt flytteskjema med dokumentasjon

7. juli

Første inntak. Du får melding på SMS og du må logge inn i Vigo og svare på tilbod om skuleplass/ventlisteplass

13. juli​

Svarfrist første inntak​. Dersom du ikkje har førehandssvart ja og ikkje svarar ja til plass innan svarfristen, misser du plassen du har fått

21.juli

Andre inntak. Du får melding på SMS og du må logge inn i Vigo og svare på tilbod om skuleplass/ventlisteplass

27.juli

Svarfrist andre inntak​. Dersom du ikkje har førehandssvart ja og ikkje svarar ja til plass innan svarfristen, misser du plassen du har fått

7. august

Tredje inntak. Du får melding på SMS og du må logge inn i Vigo for å sjå tilbodet. Svarfrist 14. august.

Melding om kor tid du skal møte på skulen finn du på skulen si heimeside. Merk at enkelte skular kan ha seinare skulestart. Dersom du ikkje møter første skuledag og ikkje har avtalt fråvær med skulen, misser du plassen din.​

Etter skulestart​

Skulane tek over inntaket. Skulane tek kontakt med søkjarar frå ventelista dersom dei har ledige skuleplassar. Ventelista gjeld fram til 1. september. Du må sjølv ta kontakt med skulen dersom du ønskjer å stå på venteliste etter 1. september.

Liste over ledige skuleplassar vil bli lagt ut på Vestland fylkeskommune si heimeside etter skulestart.

Ordinære søkjarar med ungdomsrett som ikkje har søkt innan fristen 2. mars, vil få 5 minuspoeng. Dersom det er tungtvegande grunnar for at du søkjer etter frist må dette dokumenterast.

Søkjarar utan ungdomsrett kan ikkje sende inn søknad etter fristen.

Du kan ta kontakt med Inntak på telefon 51 20 71 17 eller e-post: inntak@vlfk.no for å få tilsendt søknadsskjema.