Loading...

Individuell tilrettelegging

Tilpassa opplæring for alle

Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp, og ikkje ein individuell rett for den enkelte eleven. Skulen skal leggja til rette for ei opplæring som varetek både fellesskapet og kvar enkelt elev, slik at elevane får best mogleg utbytte av opplæringa. Alle elevane må få høve til å læra og utvikla seg uavhengig av føresetnadene sine.

Lærebedrifta skal sørgja for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.

Individuell tilrettelegging

Nokre elevar har større behov for tilpassing av opplæringa enn den som gjeld for alle. Dette blir kalla individuell tilrettelegging.

Individuell tilrettelegging er delt inn i fleire rettar

  • individuelt tilrettelagd opplæring
  • personleg assistanse
  • fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet

Ein elev kan ha behov for tilrettelegging knytt til ein eller fleire av desse rettane. Rettane er individuelle, og for å få rett til individuell tilrettelegging må eleven få eit vedtak.

Individuelt tilrettelagd opplæring

Individuelt tilrettelagd opplæring kan handla om å jobba med alternative kompetansemål, ha eit alternativt innhald i opplæringa og/eller at opplæringa blir organisert på ein annan måte.

Personleg assistanse

Personleg assistanse inneber praktisk hjelp og bistand frå ein person som kan følgja med og hjelpa eleven i skulekvardagen. Dette kan variera i omfang, og kan til dømes vera hjelp til

  • å følgja med i opplæringa
  • sosiale aktivitetar i friminuttet
  • kommunikasjon
  • forflytting, bæring av sekk og utstyr
  • av- og påkledning
  • måltid
  • toalettbesøk

Fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet

Slik tilrettelegging kan til dømes omfatta

  • fysisk tilrettelegging av arbeidsplassen eller klasserommet
  • tekniske hjelpemiddel
  • inventar
  • teknisk utstyr og programvare
  • nødvendig opplæring for at eleven skal kunna bruka utstyret

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte med rett til nødvendig opplæring i tekniske hjelpemiddel eller mobilitet, har rett til ekstra timar utover det ordinære timeramma i fag- og timefordelinga viss dei treng det. Dette står i opplæringsforskrifta § 1-4. Elevar i grunnskulen kan ha rett til inntil 1525 timar og elevar i vidaregåande opplæring kan ha rett til inn til 456 timar.

Vestland

Informasjon frå Vestland

Vestland fylkeskommune har lang erfaring med tilpassa opplæring, både i ordinære klassar og i mindre grupper. Alle vidaregåande skular tilbyr god tilpassa opplæring, men nokre skular har særleg kompetanse og erfaring med elevar som har spesielle behov.

Tilbod om tilpassa opplæring i små grupper - HTH og HTA

HTH er eit opplæringstilbod der det vert lagt særleg vekt på basiskunnskap og ferdigheiter knytt til dagleglivets aktivitetar. Tilbodet er retta mot elevar med ulike funksjonsnedsettingar, store hjelpebehov og rett til spesialundervisning.
Skulen lagar ein individuell opplæringsplan (IOP) for kvar elev, og opplæringa skjer i små grupper på 3–4 elevar.

HTA er eit opplæringstilbod som førebur elevar på varig tilrettelagt arbeid eller ordinært arbeid etter vidaregåande opplæring. Tilbodet er retta mot elevar med særlege behov knytt til læring og sosial fungering, og som treng meir tilrettelegging enn det som vert gitt i ordinære klassar.
Skulen lagar ein individuell opplæringsplan (IOP) for kvar elev, og opplæringa skjer i grupper på 4–6 elevar.

Alle skular i fylket tilbyr særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper for elevar som har behov for det.
I Stor-Bergen og Voss er HTH og HTA knytt til bestemte utdanningsprogram ved enkelte skular. I andre delar av fylket er ikkje HTH/HTA knytt til spesifikke utdanningsprogram og du søkjer om HTH/HTA uavhengig av utdanningsprogram.

Spesielle tilbod med søknadsfrist 1.februar:

Vestland fylkeskommune har fleire tilrettelagde skuletilbod for elevar med særlege behov. Desse tilboda krev dokumentasjon og har søknadsfrist 1. februar.

Tilbodet er for elevar som er i behandling for psykiske vanskar og som treng å fullføre heile eller delar av vidaregåande opplæring.
Skulen tilbyr fag innan studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse.

Meir informasjon finn du på heimesida til Bergen katedralskole.
Slik søkjer du:

  • Registrer søknad på vigo.no og vel Studiespesialisering, komprimert løp og Bergen Katedralskole
  • Fyll ut det digitale Vedleggsskjemaet, kryss av for avd. Kyrre, og last opp uttale frå behandlar.

Tilbodet er for elevar som er i behandling for psykiske vanskar og som treng å fullføre heile eller delar av vidaregåande opplæring. Meir informasjon finn du på heimesida til Kvinnherad vidaregåande skule.

Slik søkjer du:

  • Registrer søknad på vigo.no.
  • Fyll ut det digitale Vedleggsskjemaet, kryss av for avd. Valekrossen, og last opp uttale frå behandlar.

Tilbodet er for elevar som er for fysisk sjuke til å møte på skulen og følgje ordinær undervisning. Opplæringa skjer digitalt i studiekompetansefaga. Du må ha ei sakkunnig vurdering frå fylkeskommunal PPT som tilrår heimeundervisning via nettstudium. Meir informasjon finn du på heimesida til Fyllingsdalen videregående skole.

Slik søkjer du:

  • Registrer søknad på vigo.no og vel Studiespesialisering, komprimert løp og Fyllingsdalen videregående skole
  • Fyll ut det digitale Vedleggsskjemaet, kryss av for Nettundervisning.
  • Ta kontakt med fylkeskommunal PPT for sakkunnig vurdering.