Loading...

Elevutveksling

Elevutveksling betyr at du tek vidaregåande opplæring i utlandet, eller at utanlandske elevar tek vidaregåande opplæring i Noreg.

Kven kan vera utvekslingselev?

Utvekslingselevar er vanlegvis elevar i vidaregåande skule som tek skule på same nivå som norsk vidaregåande.

Kva land er vanlege for elevutveksling?

Vanlege utvekslingsland for norske elevar er mellom anna USA, Storbritannia, Irland, Canada, Australia, New Zealand, Tyskland, Frankrike, Spania og Italia. Kva land du kan reisa til avheng av utvekslingsorganisasjonen.


Korleis er det å vera utvekslingselev?

Du bur hos ein vertsfamilie og går på ein lokal skule. Du får erfaring med skule, språk og kvardagsliv i eit anna land.


Når passar det å reisa på utveksling?

Dei aller fleste som reiser på utveksling er elevar på vg2 studieførebuande utdanningsprogram. Snakk med rådgivaren på skulen om kva moglegheiter du har.


Må eg søkja vidaregåande skule i Noreg?

Ja. Du må søkja skuleplass i Noreg på vanleg måte innan søknadsfristen, sjølv om du planlegg å reisa på utveksling.


Blir skuleåret i utlandet godkjent i Noreg?

I nokre tilfelle kan skuleåret i utlandet bli godkjent som eit fullverdig skuleår i Noreg. Det er ikkje automatisk, og avheng av fag og nivå.


Kva bør eg gjera før eg reiser?

Du bør planleggja i god tid, snakka med rådgivar og melda frå til inntakskontoret om planane dine.


Finst det økonomisk støtte?

Ja. Det finst stipend som kan dekkja delar av kostnadene. Ta kontakt med Lånekassen for meir informasjon.

Vestland

Informasjon frå Vestland

Tilbod om utveksling i Vestland

Er du elev ved vidaregåande skule i Vestland kan du ta heile eller delar av Vg2 i utlandet. Du søkjer på eigne programområder ved innsøking i Vigo. 
 

Elevar på Vg1 studiespesialiserande med fransk som framandspråk kan søkje om å ta Vg2 ved ein fire skular i Normandie. Voss gymnas koordinerer tilbodet.

Tilbodet gjeld elevar som ønskjer å ta Vg2 ved ein vidaregåande skule i Erfurt, Tyskland:

  • Vg1 elektrofag-elevar som ønskjer Vg2 innan:
    • data og elektronikk
    • el-energi
    • automatisering
  • Vg1 studiespesialisering med tysk som framandspråk

Askøy vidaregåande skule koordinerer tilbodet.

Tilbodet gjeld elevar på Vg1 studiespesialiserande som ønskjer å ta Vg2 ved ein vidaregåande skule i Missouri, USA. Kvam vidaregåande skule koordinerer tilbodet.

Tilbodet gjeld elevar på Vg1 studiespesialiserande som ønskjer å ta Vg2 ved ein vidaregåande skule i Cardiff-området i Storbritannia. Knarvik vidaregåande skule koordinerer tilbodet.

Elevar på Vg1 studiespesialisering ved Amalie Skram vidaregåande skule kan få tilbod om å ta Vg2 i fleire ulike land. Sjå skulen si heimeside for meir informasjon.

Søknad til trinn 3 etter utveksling

Du søkjer vidare til Vg3 på vanleg måte innan 1. mars via vigo.no.

Som hovudregel får du plass ved same skule som du gjekk Vg1, dersom du ønskjer det. Elevar som har gått Vg2 i Vestland har førsterett til plass på same skule i Vg3. Dersom det er fleire søkjarar (utvekslingselevar) enn plassar, blir karakterane frå Vg1 poenggjevande for utvekslingselevane ved inntak.

Meir informasjon om internasjonalt samarbeid finn du på nettsida vår.