Produkt i polymerkompositt (herdeplast) blir bruka i fly- og romfartsindustri, prosess- og oljerelatert industri, landbruk, fiskeoppdrett, kommunal sektor, kjøleindustri, næringsmiddelindustri og fritids- og yrkesbåtindustri.
Ein fagoperatør i polymerkompositt arbeider i små og store bedrifter som framstiller produkt i polymerkompositt, t.d. prosessindustribedrifter, båtprodusentar og produsentar av rør, tankar og andre tekniske produkt.
Fagoperatøren i polymerkompositt gjer handtverksmessig og semimaskinell bearbeiding av produkt i polymerkompositt ut frå halvfabrikata. Dette omfattar oppgåver innan framstilling, reparasjon og vedlikehald av produkt i polymerkompositt. Sentrale arbeidsoppgåver er å:
Du må vere nøyaktig og kunne arbeide sjølvstendig på grunnlag av teikningar og produktbeskrivingar. Du må vere open for nyutvikling og kunne bruke kunnskapane dine i samband med produktutvikling.