Arbeidsplassane for ein motorsykkelmekanikar kan variere frå småbedrifter med éin eller to mekanikarar som utfører svært allsidig arbeid på den stadig aukande motorsykkelparken, til større bedrifter med fleire medarbeidarar, der det kan vere noko meir spesialisert arbeid.
Sentrale arbeidsområde er
Ein motorsykkelmekanikar må kunne arbeide planmessig, effektivt, systematisk og nøyaktig, sjølvstendig og saman med andre. Du må ha godt handlag, vere fingerferdig og ha teknisk innsikt. Du bør òg ha gode kommunikasjonsevner og vere serviceinnstilt, for kundebehandling er ofte ein del av kvardagen.