Duodji er ein samisk handverks- og kulturtradisjon. Som urfolk har samane skapt sine klede, bruksting og prydting av materiale frå naturen og utvikla handverket som heiter duodji.
Ein tekstilduojár arbeider i mindre handverksbedrifter og verkstader. Det kan vere kunsthandverks-, husflids-, brukskunst-, design- eller tekstilbedrifter. Tekstilindustrien er også aktuell samarbeidspartnar eller arbeidsstad.
Ein tekstilduojár produserer, reparerer og vedlikeheld samiske kofter med tilbehør, lavvuduk og andre tradisjonelle, tekstile bruksting og dekor av tekstil til duodjiprodukt som er laga av andre materiale enn tekstil. Tekstilduojáren utviklar også nye produkt, design og mote i eit urfolksperspektiv.
Sentrale arbeidsoppgåver er
Du bør ha godt handlag og god farge- og formsans.