Inntak til Vg1
For å bli teke inn til eit utdanningsprogram på Vg1 er hovudregelen at du må ha gått gjennom norsk grunnskule eller tilsvarande.
På 10. trinn må du velja kva utdanningsprogram du skal søkja på. Du må sjølv søkja om plass i vidaregåande skule. Hovudregelen er at du skal søkja plass i fylket du bur i.
- Du har rett til å komma inn på eitt av dei tre utdanningsprogramma du ønskjer mest.
- Sluttkarakterane dine frå 10. trinn kan vera med på å avgjera om du kjem inn på førsteønsket ditt.
Inntaksordning i fylket
Fylka har eigne inntaksordningar som påverkar kva skular du kan søkja på, og kor sterkt du stiller i konkurransen om plass. Les meir om inntaksordning i fylket.
Inntak til Vg2 og Vg3
Hovedregelen for inntak til Vg2 og Vg3 er at du har bestått alle fag på førre trinn. Dette gjeld både fag der det er sett standpunkt- og eventuelt eksamenskarakter og fag der det er sett halvårsvurdering med karakter.
Andre vilkår (dokumentert dugleik / intervju)
Fylkeskommunen kan bestemme at inntil halvparten av søkjarane til Vg1 i utdanningsprogramma for idrettsfag og musikk, dans og drama kan bli tekne inn på grunnlag av dokumentert dugleik eller inntaksprøve i kombinasjon med karakterar.
For inntak til spesielle yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkes- og studiekompetanse , kan fylkeskommunen bestemme at inntaket skal skje etter poeng og intervju.
Søkjarar utan bokstav- eller talkarakterar
Har du fullført ein godkjend 10-årig grunnskole, men har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, søkjer du Inntak etter individuell behandling. Det samme gjeld om du har fullført Vg1 eller Vg2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller tallkarakterar. Dette gjeld for eksempel deg som har vore elev ved Steinerskolen.
Spesielle krav til yrkesutøving
Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, sjøl om dei same krava ikkje blir stilte for å bli teken inn til vidaregåande opplæring. Det kan vere krav om politiattest, krav til syn, høyrsel o.l. Du bør derfor lese om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i, før du bestemmer deg for kva du vil søkje.
Informasjon frå Vestfold
Lokal forskrift for inntak og formidling til videregående opplæring i Vestfold fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune har karakterbasert inntak, og dersom du er bosatt i Vestfold, kan du kan søke til alle skoler i fylket.
Inntak til Vg1
Du har rett til ett av tre søkte utdanningsprogram på Vg1. For å få rett til inntak på ett av tre utdanningsprogram, er det en forutsetning at du har søkt på tre utdanningsprogram. Du kan ikke oppnå en bedre rett ved bare å søke ett eller to utdanningsprogram.
Retten gjelder bare utdanningsprogram; du har ikke rett til inntak til en bestemt skole eller en av tre skoler.
Inntak til Vg2 og Vg3
Søkere til Vg2 og Vg3 studieforberedende utdanningsprogram som søker samme program på samme skole de gikk på lavere trinn, prioriteres foran:
- søkere fra andre skoler
- søkere fra andre utdanningsprogram
Det gis ikke fortrinn egen skole til elever på yrkesfaglige utdanningsprogram.