Fylket du bur i har eigne reglar for inntak til vidaregåande opplæring. Desse avgjer kva skular du kan søkja på, og korleis søkjarar blir prioritert.
Dei fleste fylke bruker éi av desse inntaksordningane:
Heile fylket som eitt inntaksområde: Du kan søkja på alle skular i fylket. Du konkurrerer på lik linje med andre søkjarar, og det er først og fremst karakterane dine som avgjer om du får plass.
Regionar: Fylket er delt inn i regionar. Du konkurrerer først og fremst om plass på skular i regionen din, og kan få lågare prioritet om du søkjer skular i andre delar av fylket.
Nærskule: Du blir prioritert ved den skulen som blir rekna som nærskulen din, og som tilbyr utdanningsprogrammet du ønskjer.
Karakterane dine tel uansett
Uavhengig av kva inntaksordning fylket ditt bruker, vil karakterane dine vera med på å avgjera kva skule du får plass på.
Informasjon frå Vestfold
I Vestfold er det karakterbasert inntak. Det betyr at dersom du er folkeregistrert bosatt i Vestfold, står du fritt til å søke inntak til utdanningsprogram/programområder på alle skoler i Vestfold uavhengig av hvor i fylket du bor.
Her kan du lese den lokale forskriften om inntak og formidling i Vestfold:
Inntaksforskrift
Her er en oversikt over alle de offentlige videregående skolene i Vestfold:
Skolene i Vestfold