Aktuelle arbeidsplassar for ein tannhelsesekretær er innan den offentlege og private tannhelsetenesta, klinikkar ved dei odontologiske fakulteta, ved spesialistklinikkar, kjevekirurgiske avdelingar ved sjukehus og dentale depot.
Tannhelsesekretæren er bindeleddet mellom pasientane og tannhelsetenesta. Sentrale arbeidsområde er
Det krevst evne til teamarbeid og sjølvstendig arbeid, og du må kunne arbeide nøyaktig, planmessig og effektivt. Du må ha kommunikasjonsevne og evne til å yte god service til pasientane. Tannhelsesekretæren må følgje med i den raske utviklinga av odontologiske materiale og behandlingsmetodar og kunne meistre utfordringane som er knytte til eit fleirkulturelt samfunn.
For å kunne bruke yrkestittelen tannhelsesekretær krevst det autorisasjon frå Helsedirektoratet.