Musikk, dans og drama

Du lærer

  • musikkutøving, individuelt og i samspel
  • danseuttrykk, danseteknikkar og koreografi
  • skodespelarteknikkar, regi og teaterproduksjon
  • å vidareutvikle dei kunstneriske ferdigheitene dine
  • teoretiske fag

Passar for deg som

  • musikalsk og god til å syngje eller spele eit instrument
  • god i ei form for dans
  • interessert i å spele roller og stå på ein scene
  • innstilt på å øve mykje, aleine og saman med andre, i og utanfor skoletida
  • kreativ Inntil halvparten av elevane på Vg1 kan takast inn på grunnlag av opptaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.

Om du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli

  • dansar, koreograf eller dansepedagog
  • songar, musikkpedagog eller musikkterapeut
  • skodespelar, scenograf eller dramaturg
  • Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet

Arbeidsstader kan vere

  • teater eller operahus
  • orkester, konsertscener eller band
  • sjukeheimar eller skolar

Opptakskrav til høgare utdanning

  • Opptaksprøver: Mange kunstfaglege studium innan dans, drama eller musikk krev ei praktisk opptaksprøve. Med dans, drama eller musikk får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no . På musikk, dans og drama kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta. samordnaopptak.no

Val av fag

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan dans, drama eller musikk og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
  • Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning