Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Du lærer

  • design og visuelle uttrykk
  • vidareutvikling av kreative ferdigheiter
  • utvikling og utføring av ulike teknikkar og uttrykk
  • om stilhistorie og trendar
  • om kommunikasjon og kundebehandling

Passar for deg som

  • kreativ og ha estetisk sans
  • interessert i å arbeide med hendene
  • interessert i visuelle uttrykksformer
  • nøyaktig og uthaldande

Du kan bli

  • blomsterdekoratør
  • frisør
  • interiørkonsulent
  • utstillings- eller profileringsdesignar
  • maskør- og parykkmakar

Arbeidsstader kan vere

  • blomsterforretning eller blomsterverkstad
  • frisørsalongar eller teater
  • reklame-, design- og mediebyrå
  • eiga bedrift

Vidare utdanning

  • Vidare utdanning 1: Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Vidare utdanning 2: Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
  • Vidare utdanning 3: Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Vidare utdanning 4: Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.