5 studieførebuande utdanningsprogram

Studieførebuande opplæring er for deg som vil ta høgare utdanning, slik at du til dømes kan bli lærar, sjukepleiar eller advokat.

  • Det er 5 studieførebuande utdanningsprogram å velje mellom.
  • Dei fleste faga i studieførebuande opplæring er typiske «lesefag» som norsk, matematikk, samfunnsfag, historie, naturfag og framandspråk.
  • I tillegg har du fag frå utdanningsprogrammet ditt, til dømes musikk, toppidrett, design og arkitektur eller fysikk.
  • Når du har fullført og greidd tre år i skole, får du studiekompetanse.
  • Du må ha studiekompetanse for å søkje høgare utdanning ved høgskole og universitet.
Illustrasjon av strukturkart studieforberedende

Les om utdanningsprogramma du kan velje mellom:

10 yrkesfaglege utdanningsprogram

Yrkesfagleg opplæring er for deg som ønskjer eit praktisk yrke, til dømes elektrikar, kokk eller frisør.

  • Det er 10 yrkesfaglege utdanningsprogram å velje mellom.
  • I dei fleste yrkesfaga blir opplæringa gjeven som to år i skole og to år i bedrift.
  • Opplæring i bedrift blir kalla læretid. I læretida er det mogleg å få løn.
  • Når du har fullført og greidd ei yrkesfagleg utdanning, får du yrkeskompetanse.
  • Med yrkeskompetanse kan du velje å søkje jobb eller ta vidare utdanning ved ein fagskole.
  • Du har også rett til å ta påbygging til generell studiekompetanse (sjå nedanfor).
Illustrasjon av strukturkart yrkesfaglig

Les om utdanningsprogramma du kan velje mellom:

Påbygging til generell studiekompetanse

Ønskjer du studiekompetanse etter at du har fullført og greidd yrkesopplæringa?

  • Du har rett til å få eit ekstra opplæringsår, slik at du kan få studiekompetanse.
  • Du kan søkje om påbygging til generell studiekompetanse etter 2 år i eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller etter at du har oppnådd yrkeskompetanse.
  • Påbygging til generell studiekompetanse er ei krevjande og teoretisk opplæring som skjer i skole.
  • Du oppnår studiekompetanse etter at du har fullført og greidd opplæringa, og du har dermed høve til å søkje høgare utdanning ved høgskole eller universitet.
Illustrasjon av strukturkart pabygging

Grunnkompetanse

  • Grunnkompetanse er eit alternativ for deg som av ulike grunnar har problem med å gjennomføre full opplæring.
  • Du får eit kompetansebevis som dokumenterer at du har fullført delar av opplæringa.
  • Du har høve til å endre målet ditt og gjennomføre heile opplæringa, slik at du kan oppnå full yrkeskompetanse eller studiekompetanse.