Poengberekning til vg1
Når du skal konkurrera deg inn på grunnlag av karakterane dine, blir det brukt ein poengsum.
Poengsummen blir rekna ut på grunnlag av sluttkarakterane dine frå grunnskulen. Det er avsluttande karakterar i alle fag som blir lagde til grunn, det vil seia alle standpunkt- og eksamenskarakterar.
Slik reknar du ut poengsummen din:
- Finn summen: Legg saman verdien av alle talkarakterane dine.
- Finn gjennomsnittet: Del summen på talet på karakterar.
- Berekn poengsummen: Multipliser gjennomsnittet (med to desimalar) med 10.
Resultatet er poengsummen din, som blir brukt til å rangera søkjarar til vidaregåande skule (vg1).
Slik tel karakterane i poengberekninga
- Kvar enkelt talkarakter skal teljast som poeng med same verdi som karakteren.
- Valfag skal telja med éin karakter. Har du standpunktkarakterar i meir enn eitt valfag, bruker du gjennomsnittskarakteren av standpunktkarakterane du har fått (ta med to desimalar).
- Fag med sluttvurderinga «Delteke» eller «Bestått» skal ikkje telja med i poengberekninga.
- Har du fritak for opplæring eller vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje faget telja med i poengberekninga.
- Har du fått IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eit fag eller IM (ikkje møtt til eksamen) utan dokumentert fråvær, skal dette likevel telja med i berekninga, med poengverdien 0.
- Har du fått IM (ikkje møtt til eksamen) med dokumentert fråvær, påverkar ikkje dette poengsummen.
Om du står heilt likt med andre i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja avgjord mellom dykk ved loddtrekking.
Poengberekning til vg2 og vg3
Poengberekning til vg2 og vg3
Når du skal konkurrera deg inn på grunnlag av karakterane dine, blir det brukt ein poengsum.
Når du søkjer vg2 blir poengsummen berekna ut frå alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og eventuelle halvårsvurderingar frå vg1.
Når du søkjer vg3 blir poengsummen berekna ut frå alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og eventuelle halvårsvurderingar frå vg2.
I denne samanhengen betyr halvårsvurderingar vurderingar du får undervegs i fag som går over to eller tre år, og som ikkje er avslutta enno. Dei viser korleis du ligg an, men tel ikkje som endeleg karakter. Når faget er ferdig (etter to eller tre år), får du standpunktkarakter som blir ført på vitnemålet.
Denne vurderinga må ikkje forvekslast med den vanlege underveisvurderingen/terminkarakteren som blir gitt midt i skuleåret (i desember/januar).
Slik reknar du ut poengsummen din
- Finn summen: Legg saman verdien av alle talkarakterane dine.
- Finn gjennomsnittet: Del summen på talet på karakterar.
- Berekn poengsummen: Multipliser gjennomsnittet (med to desimalar) med 10.
Resultatet er poengsummen din, som blir brukt til å rangera søkjarar til vidaregåande skule vg2/vg3.
Slik tel karakterane i poengberekninga
- Kvar enkelt talkarakter skal telja som poeng med same verdi som karakteren.
- I fag der det er fastsett at sluttvurderinga skal vera «Delteken» eller «Bestått», eller der det ikkje skal gjennomførast sluttvurdering, skal faget ikkje telja med i poengberekninga.
- Har du fritak for opplæring eller vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje faget telja med i poengberekninga.
- Har du fått IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eit fag eller IM (ikkje møtt til eksamen) utan dokumentert fråvær, skal dette likevel telja med i berekninga med poengverdien 0.
- Har du fått IM (ikkje møtt til eksamen) med dokumentert fråvær, påverkar ikkje dette poengsummen.
- Har du gått fleire ulike utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak til neste trinn, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
- Har du teke eit fag i vidaregåande opplæring som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
Om du står heilt likt med andre i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja avgjord mellom dykk ved loddtrekking.
Informasjon frå Trøndelag
Laveste poengsum til vg1, skoleåret 2025-2026
I PDF-filene under ser du oversikten over laveste poengsum ved inntak til de ulike utdanningsprogrammene, ved de fylkeskommunale videregående skolene i Trøndelag.
Det er karakterbasert inntak i regioner i Trøndelag. Derfor har vi laget oversikt for hver region:
- Trøndelag sør
- Fosen
- Innherred-Værnes
- Namdal
- Trondheim
Tallene (poengsummen) viser den laveste inntatt søker med ungdomsrett fra regionen.
Se også merknader i tabellene.