Bustad

Om du må bu borte for å gå på vidaregåande

  • Fylkeskommunen skal hjelpa deg å finna ein stad å bu om du ikkje kan bu heime.
  • Dei kan tilby internat/hybelhus eller hjelpa deg å få kontakt med utleigar.
  • Du må betala husleiga sjølv.
  • Du kan søkja bortebuarstipend frå Lånekassen for å dekkja delar av kostnaden.
  • Snakk med skulen eller inntakskontoret i fylkeskommunen om du lurer på korleis dette fungerer.
  • Om du får skuleplass i eit anna fylke, er det fylket der skulen ligg som har ansvar for å hjelpa deg med bustad.