Hovudregelen er at du skal søkje og få tilbod om skoleplass i det fylket du bur i. Det er likevel mogleg å søkje skoleplass i andre fylke.
Ordningar der søkjarar blir prioriterte likt
Avtale mellom nabofylker
- Nokre nabofylke har spesielle avtalar om å tilby plassar på tvers av fylkesgrensene. Slike avtalar kan gjelde ein spesifikk type søkjarar, til dømes søkjarar som bur nær ein skole i nabofylket.
Landslinjer eller landsdekkjande tilbod
- Søkjarar frå alle fylka kan søkje landslinjer eller landsdekkjande tilbod
- Søkjarar frå alle fylka kan søkje privatskolar.
Søkjer du skoletilbod som er omfatta av ordningane som er nemnde ovanfor, konkurrerer du på lik linje med andre søkjarar, uavhengig av om du bur i fylket der skolen ligg, eller ikkje.
Søkjarar frå andre fylke blir prioriterte etter dei som bur i fylket
Utover ordningane som er nemnde ovanfor, er det mogleg å søkje om skoleplass i eit anna fylke enn der du er busett, men du blir prioritert etter dei som er busette i fylket.
Desse reglane gjeld når du søkjer om plass i eit anna fylke
- Du må registrere ein eigen søknad på vigo.no som blir lagd inn på det fylket der skolen ligg.
- Søkjarane som er busett i fylket får tilbod om skoleplass først.
- Deretter får prioriterte søkjarar frå andre fylke tilbod om plass.
- Dersom det framleis er ledige plassar ved skolen og programområdet du søkjer til, kan du konkurrere deg inn på grunnlag av karakterar.
- Dersom det er ledige plassar og fylket kan tilby deg ein plass, vil du i dei fleste tilfella ikkje få melding om dette før ved siste inntak i august.
Prioriterte søkjarar frå andre fylke (prioritert gjesteelev)
- Søkjarar som har tungtvegande sosiale eller pedagogiske grunnar for å gå på skole i eit anna fylke enn heimfylket sitt, kan søkje om å bli prioriterte i dette fylket (dette blir kalla prioritert gjesteelev).
- Søkjarar som har rett til opplæring i samisk, og som har behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag, kan også søkje om å bli prioriterte.
- Kontakt i fylket der skolen ligg, for nærare informasjon om vilkår og framgangsmåte, og informasjon om korleis du søkjer. Sjølve skolesøknaden registrerer du på vigo.no, der du legg han inn på det fylket skolen ligg i.
Skoleplass i fleire fylke
Hugs at datoar for inntaksmelding kan variere frå fylke til fylke. Dersom du søkjer skoleplass i fleire fylke, kan tilbod om skoleplass kome på ulike datoar gjennom sommaren. Det er viktig at du seier frå deg plassar du ikkje skal ta imot, slik at dei kan gå vidare til andre søkjarar.
Statlege skolar
Staten driv sjølv nokre vidaregåande skolar:
Alle kan søkje statlege skolar.
Informasjon frå Telemark
Ønsker du skoleplass i Telemark, men bor i et annet fylke, må du søke i vårt fylke innen ordinær søknadsfrist 1. mars på www.vigo.no.
- I utgangspunktet blir du behandlet som gjesteelev. Det vil si at du kan konkurrere om ledige plasser i inntaket i august
- Du kan søke om å bli prioritert foran andre gjesteelever ved å levere skjemaet Prioritert gjesteelev i Telemark med relevant dokumentasjon innen 31. mars
- Dersom du skal flytte til Telemark, må du krysse av for det i søknaden på www.vigo.no OG ha folkeregistrert adresse i vårt fylke innen 1. juli for å bli behandlet som en Telemark-søker
Ta kontakt på inntak@telemarkfylke.no eller 35 91 73 70 ved spørsmål.