Praksisbrevkandidat

Praksisbrevordninga er eit toårig opplæringsløp på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Ordninga er særleg retta mot deg som etter avslutta grunnskole vil ha nytte av ei meir praktisk opplæring, hovudsakleg i bedrift.

  • Du kan ta ei praksisbrevprøve etter to års opplæring.
  • Etter oppnådd praksisbrev kan du anten gå ut i arbeidslivet eller teikne ein ordinær lærekontrakt med sikte på fag-/sveinebrev.

Praksisbrevkandidatar har i tillegg til opplæring i eit lærefag yrkesretta opplæring i fellesfaga norsk, matematikk og samfunnsfag. I desse faga får du ordinær vurdering.

Rådgjevaren på skolen din, eller vil kunne gje deg svar på om ordninga med praksisbrev gjeld i ditt fylke.

Opplæringskontrakt

Praksisbrevkandidaten inngår ein skriftleg opplæringskontrakt med ei godkjend lærebedrift eller eit opplæringskontor når læreforholdet tek til. Dei same reglane gjeld for ei opplæringskontrakt som for ein .

Praksisbrevprøve

Som praksisbrevkandidat avsluttar du opplæringa med ei praksisbrevprøve.

  • Du skal prøvast ut frå dei kompetansemåla som er fastsette for opplæringa di.
  • Praksisbrevprøva skal dokumentere den kompetansen som er oppnådd.
  • Ved praksisbrevprøva gjeld karakterskalaen «Bestått mykje godt», «Bestått» og «Ikkje bestått». 
     

Ei praksisbrevprøve dokumenterer grunnkompetanse og er ei prøve på eit lågare nivå enn fag-/sveineprøva.

Rettar og plikter som praksisbrevkandidat

Praksisbrevkandidatar har dei same rettane og pliktene som lærlingar. Dette gjeld for praksisbrevkandidatar:

  • Læreplanen blir erstatta med utvalde kompetansemål frå Vg1, Vg2 og Vg3 / opplæring i bedrift frå det aktuelle utdanningsprogrammet.
  • Fag-/sveineprøva blir erstatta av praksisbrevprøva.
  • Lærekontrakten blir erstatta med ein opplæringskontrakt.