Du lærer
- om fysisk aktivitet og trening
- treningsleiing
- om helse, kosthald og oppbygginga av kroppen
- teoretiske fag
Idrettsfag passar for deg som liker fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Du får prøva ulike idrettar, leiker og aktivitetar, og du utviklar både fysiske, idrettslege og sosiale ferdigheiter. Utdanningsprogrammet legg vekt på allsidigheit, målretta trening, samarbeid, fair play og meistring. Du lærer også om helse, basistrening og korleis naturen kan brukast til gode og berekraftige friluftsopplevingar. Idrettsfag gir eit godt grunnlag for vidare studiar og yrke der kropp, helse, aktivitet og menneske står sentralt.
fysioterapaut, idrettspsykolog eller personleg trenar
lærar, idrettskonsulent eller rådgivar innan fysisk aktivitet og helse
leiar innan naturbasert friluftsliv og turisme
politi, befal eller offiser
Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet
Aktuelle arbeidsstader
Forsvaret og politihøgskolen har fysiske minstekrav. Med idrettsfag får du eit godt grunnlag for å gjennomføre fysiske testar.
Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På idrettsfag kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.