Grunnskoleutdanning frå utlandet
Har du grunnskoleutdanning frå nordiske eller andre land, må du kontakte inntakskontoret i fylket du flyttar til for å få informasjon om søknadsfristar, inntaksreglar, innsending av dokumentasjon o.a.
Vidaregåande opplæring på Vg1 og/eller Vg2 i utlandet
Dersom du ønskjer å ta vidaregåande opplæring på Vg1- og/eller Vg2-nivå i utlandet i eit studieførebuande eller yrkesfagleg utdanningsprogram, for eksempel som utvekslingselev, vil du alltid ha rett til å ta vidaregåande opplæring på same nivå når du kjem tilbake til Noreg. Opplæring i utlandet endrar ikkje norsk opplæringsrett. Du kan òg søkje rektor ved skolen som du går eller skal begynne på, om å få godkjent enkeltfag frå utlandet som er beståtte. Dette gjeld berre fag frå utlandet som er likeverdige med eller meir omfattande enn i Noreg.
Du kan også søkje fylkeskommunen (eventuelt dagleg leiar ved ein privatskole) om å få heile opplæringsåret i utlandet godkjent som likeverdig med norsk utdanning og «hoppe over» tilsvarande nivå i Noreg når du kjem tilbake. Får du eit heilt opplæringsår frå utlandet godkjent, har du brukt retten til ein tilsvarande del av opplæringa i Noreg. Følgjande vilkår gjeld for å få opplæringsår frå utlandet godkjend:
- Opplæringa må vare eit heilt skoleår og vere fulltidsopplæring.
- Innhaldet i opplæringa må vere likeverdig med eller meir omfattande enn tilsvarande opplæring i Noreg, men det er ikkje krav om at opplæringa skal ha same fag- og timefordeling eller same kompetansemål som den norske.
- Opplæringa må vere fullført og bestått, slik at du ville ha blitt flytt opp til neste trinn i det utanlandske skolesystemet.
Får du godkjent eit opplæringsår fra utlandet, blir du rekna som kvalifisert til å bli teken inn på neste trinn i Noreg, på Vg2 eller Vg3. Men ver merksam på at eit godkjent opplæringsår ikke betyr at alle faga som inngår i det aktuelle opplæringsåret i Noreg, er godkjende. Du kan derfor måtte ta fag frå Vg1 og/eller Vg2 som elev eller privatist etter at du har komme tilbake. Dette gjeld spesielt fellesfag der det blir sett standpunktkarakterar på Vg1 eller Vg2. For å få vitnemål eller fag-/sveinebrev må krava til fag- og timesamansetjinga alltid vere oppfylte.
Er du elev i eit studieførebuande utdanningsprogram og har fått opplæring i eit framandspråk i utlandet, kan dette berre bli godkjent dersom det er eit av språka som det i Noreg blir arrangert sentralt gitt eksamen i. Kva for språk dette gjeld, finn du i avsnittet .
Ønskjer du å søkje om å få eit heilt opplæringsår godkjent som likeverdig med norsk utdanning, må du undersøkje grundig på førehand. Ta derfor kontakt med , eventuelt , i fylket ditt eller rådgivar/leiinga ved den skolen du aktar å begynne ved når du kjem tilbake. Dette bør skje i god tid før du reiser ut.
Informasjon frå Rogaland
Det er mulig å søke seg inn til videregående opplæring i Rogaland på grunnlag av utdanning/skolegang i utlandet. Alle må søke skoleplass på vigo.no innen søknadsfrist 2. mars. Det må i tillegg sendes inn dokumentasjon på utenlandsk utdanning innen 23. juni. Se mer informasjon under.
Inntak av nordiske borgere til videregående opplæring
Det er egne bestemmelser for søkere fra nordiske land, les mer i artikkelen "Skolegang i Norden".
Søkere til Vg1 med grunnskole fra utlandet
Det er inntakskontoret som vurderer vitnemål fra grunnskole i utlandet.
Dokumentasjon sendes inn elektronisk via eDialog. Frist for innsending av dokumentasjon er 23. juni.
Søkere til Vg2/Vg3 med utenlandsk utdanning
For søkere til studiespesialisende utdanningsprogram skal all dokumentasjon sendes til den skolen du har satt opp som ditt 1. ønske i søknaden din. Dokumentasjon sendes inn via eDialog. Frist for innsending av dokumentasjon er 23. juni.
For søkere til yrkesfag skal dokumentasjonen sendes til rektor ved den enkelte kompetanseskole. Ta kontakt med inntakskontoret for nærmere informasjon om hvilken skole du skal sende dokumentasjonen til.
Søkeren må selv sende inn følgende dokumentasjon:
- Kompetansebevis/vitnemål/avsluttende karakterer
- Norsk oversettelse av dokumentasjon når den er på andre språk enn engelsk
Av mottatt dokumentasjon vurderes først inntaksgrunnlaget. Det vurderes om utdanningen fra utlandet er tilstrekkelig inntaksgrunnlag til det programområdet som er søkt. Så gjør skolen en vurdering om hele opplæringsåret i utlandet kan godkjennes.
For noen søkere kan resultatet bli at enkelt fag mangler/ikke godkjennes og at disse fagene må tas som privatist før skolen kan skrive ut vitnemål.
Skolens vurdering oversendes så til seksjon Dimensjonering og inntak (inntakskontoret) innen 1. juli. Blir skoleåret fra utlandet godkjent vil søkere med ungdomsrett få et skoletilbud i årets inntak.
Merk: I Rogaland har alle elever som går Vg2 studieforberedende program fortrinnsrett inn til Vg3, dersom de har søkt samme skole som sitt første ønske og er kvalifisert. Søkere med utenlandsk utdanning prioriteres etter søkere med denne fortrinnsretten.