Ta quizen!
Kva veit du om skilnaden mellom studieførebuande og yrkesfagleg opplæring?
- Studer oversiktskartet!
- Kva utsegner trur du passar?
- Les forklaringane! Kanskje lærer du noko nytt?

Du får opplæring i å utøve eit yrke og kan gå rett ut i arbeidslivet
Det er mange typiske «lesefag»
Du kan bli lærling og får siste del av opplæringa i ei bedrift
Det er mogleg å få litt lønn i opplæringstida
Førebur deg til vidare utdanning på høgskole eller universitet
Du kan velje å ta eit påbyggingsår som gir deg generell studiekompetanse, slik at du kan søkje opptak til høgare utdanning
Du har høve til å velje dei faga som krevst for å søkje opptak ved realfagsstudium
Du får mykje praktisk arbeidserfaring i opplæringa
Gjer det mogleg å ta vidare utdanning ved fagskole