Dette programområdet legg vekt på dei utøvande faga og gir deg eit godt grunnlag for å utdanne deg vidare til musikar eller musikkpedagog og innanfor andre yrke der det er nyttig med ferdigheiter i og kunnskap om musikk.
Programområdet gir deg generell studiekompetanse og grunnlag for å søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Avhengig av tilbodet ved skolen kan du fylle spesielle opptakskrav dersom du kan velje programfag som matematikk og/eller andre realfag. Ved opptak til dei fleste musikkstudium er det praktiske opptaksprøver.
Programområdet for musikk stiller krav til musikkevnene dine. Opplæringa krev at du er kunstnarisk, uthaldande og glad i å øve. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.