Ein heismontør arbeider på byggjeplassar eller i kontorbygg, bustadblokker og industri. Arbeid om bord i båtar og offshore kan òg vere aktuelt.
Heismontøren monterer, moderniserer, reparerer, testar og driv vedlikehald av heisanlegg. Sentrale arbeidsområde er
Du må vere nøyaktig, ha godt syn og tole ukomfortable arbeidsstillingar. Du må kunne arbeide sjølvstendig og systematisk med problemløysing ut frå produktinformasjon og eit omfattande nasjonalt og internasjonalt regelverk. Det er viktig at du trivst med kundebehandling, for det er ein del av det daglege arbeidet.