Ein elektrikar er vanlegvis tilsett hos ein elektroinstallatør eller i ei industribedrift.
Elektrikarutdanninga gir faglege og formelle kvalifikasjonar til å arbeide med elektriske lågspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar som blir brukte til distribusjon og forbruk av elektrisk energi mellom anna på desse områda:
Arbeidet er fysisk krevjande. Ein elektrikar må ha godt fargesyn for å kunne bruke relevante kodar og merkjesystem. Du bør ha teknisk innsikt og vere nøyaktig og ansvarsbevisst. Du må kunne samarbeide med arbeidskollegaer og oppdragsgivarar. Du må kunne arbeide i høgda. Spesielt ved mindre oppdrag har elektrikaren mykje direkte kundekontakt og må derfor vere flink til å kommunisere med forskjellige typar menneske.