Duodji er ein samisk handverks- og kulturtradisjon. Som urfolk har samane skapt sine klede, bruksting og prydting av materiale frå naturen og utvikla handverket som heiter duodji.
Ein veve- og handstrikkeduojár arbeider i mindre handverksbedrifter og verkstader. Det kan vere kunsthandverks-, husflids-, brukskunst-, design- eller tekstilbedrifter. Tekstilindustrien er også aktuell samarbeidspartnar eller arbeidsstad.
Ein veve- og handstrikkeduojár produserer, reparerer og vedlikeheld tradisjonelle og nye klede, sjal, belte, vovne, flamma og fletta band, grener og andre bruks- og prydgjenstandar. Ull er eit viktig materiale i desse produkta. Veve- og handstrikkeduojáren utviklar også nye produkt, design og mote i eit urfolksperspektiv.
Sentrale arbeidsoppgåver er
Du bør ha godt handlag og god farge- og formsans.