Komposittbåtbyggjaren produserer, reparerer og held ved like skrog, overbygg, riggar, innreiingar og installasjonar. Sentrale arbeidsområde er
- bruk av dei forskjellige materiala som blir nytta i tradisjonell og moderne båtbygging
- tørkeprosessar og bearbeiding
- bruk av komposittmateriale/plast og forming av stål og metall
- mekaniske forbindingsmetodar, liming og overflatehandsaming og tekniske installasjonar
- estetikk, design og konstruksjon med teikning og visualisering
- kvalitetssikring og HMS
Fagarbeidaren skal sjølv og i samarbeid med andre kunne planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere arbeidet sitt på ein slik måte at det kan føre til nytenking og produktutvikling.