Handverk, design og produktutvikling

Du lærer

  • handverksteknikkar
  • om ulike materiale
  • om berekraftig design og produktutvikling
  • bruk av skisser og produksjonsteikningar
  • handverks- og kulturhistorie

Du bør vere

  • interessert i å arbeide med hendene
  • interessert i å forme og lage gjenstandar
  • nøyaktig og uthaldande

Du kan bli

  • urmakar, gull- eller sølvsmed
  • kjole- og draktsyar, kostymesyar eller bunadtilverkar
  • møbelsnikker, treskjerar eller orgelbyggjar
  • keramikar, skomakar eller smed
    Sjå alle yrke og kompetansar

Arbeidsstader

  • design- og handverksbedrifter
  • systover
  • teater eller opera
  • eiga bedrift

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
  • Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
  • Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
    - etter Vg2 eller
    - etter oppnådd yrkeskompetanse
    Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.