Arbeidsplassane er knytta til oljeindustrien nasjonalt og internasjonalt innan betening av elektroniske instrument i leitebrønnar og olje- og gassbrønnar.
Sentrale arbeidsoppgaver
Sentrale arbeidsoppgåver er
handtering og vurdering av risikofylte operasjonar
kontroll, klargjering, bruk, feilsøkjing og vedlikehald av elektriske kablar, loggeinstrument, radioaktivt og pyroteknisk utstyr og overflateutstyr
gjennomføring og dokumentasjon av brønnoperasjonar
utarbeiding av dokumentasjon, rapportar, arbeidsløyver og sikker jobb-analyseskjema
berekning av elektriske verdiar, krefter og trykk på brønnutstyr
innhenting av dokumentasjon frå datasystem
Personlige egenskaper
Ein brønnoperatør, elektriske kabeloperasjonar, skal vere ansvarleg, nøyaktig og arbeide sjølvstendig. Arbeidet foregår under krevjande forhold med høge krav til kvalitet, til helse, miljø og tryggleik og til den enkeltes funksjonsdugleik. Du må kunne samarbeide med andre faggrupper Du bør ha gode engelskkunnskapar.