Ein hestefaglært kan arbeide innanfor travnæring, rideverksemd, galoppnæring, bedrifter som driv med hesteturisme og fritidsaktivitetar, stutteribedrifter og bedrifter som driv med hest brukt i terapi og anna helserelatert verksemd.
Ein hestefaglært kan arbeide med hestehald og bruk av hest både i næring, rekreasjon og avl.
Felles for alle områda er at fagarbeidaren mellom anna har desse oppgåvene:
Du må vere fortruleg med dyr og praktisk av deg. Faget har dessutan fellestrekk med yrke som inneber døgnkontinuerleg ansvar og vaktordningar, og du må derfor kunne tole uhøveleg arbeidstid.