Som blekkslagar kan du få jobb i små eller mellomstore bedrifter som arbeider på offentlege og private bygg, anlegg og bustader. Arbeidet går føre seg på både verkstader og byggjeplassar.
Blekkslagaren er ein handverkar som først og fremst jobbar med metall. Tynne plater av stål, sink, kobber og aluminium blir forma slik at dei får ein funksjon. Sentrale arbeidsområde er
Blekkslagarfaget er eit skapande handverksyrke der praktisk arbeid, logisk sans og kreativitet går hand i hand. Blekkslagaren må ha kunnskap om byggtekniske konstruksjonar og gode fagkunnskapar. Du må kunne arbeide sjølvstendig og planmessig, men òg saman med andre. Du må ha eit godt auge for detaljer, og kunne jobbe konsentrert over tid. Ofte er blekkslagaren i direkte kontakt med kundar. Det inneber at det er viktig med kunnskapar og evner som har med kundebehandling, økonomisk forståing og sal å gjere. Du bør ha godt handlag og estetisk sans.