Faglaboranten jobbar som regel på eit laboratorium, anten i industrien, ved sjukehus, universitet og høgskolar eller i offentlege eller halvoffentlege bedrifter.
Ein faglaborant kan arbeide innan forskning, produksjon, diagnostikk, rettsmedisin, mattryggleik, helse og miljø. Faglaboranten har kunnskap om prøvetaking, forståing for produksjonsprosessen og kompetanse i kjemi og laboratorieteknikkar.
Sentrale arbeidsområde er å
Ein faglaborant må kunne arbeide planmessig og sjølvstendig. Du må vere nøyaktig og tolmodig og kunne samarbeide med andre fagfolk og brukarar av laboratorieresultata.