Arbeidsplassar for ambulansearbeidarar finst i helseføretak, kommunar og private organisasjonar og bedrifter.
Ambulansetenesta er den forlenga armen av spesialisthelsetenesta og har ansvar for akuttmedisin utanfor sjukehus. Sentrale arbeidsområde er
Ambulansearbeidaren må kunne planleggje, gjennomføre, vurdere og lære av eige og andre sitt arbeid. Faget stiller store krav til fagleg kunnskap, modenskap og sjølvstende. Sentralt for utviklinga av faget er evna til tverrfagleg samarbeid og erfaringsutveksling. Yrket krev god psykisk og fysisk helse og evne til å vere medmenneskeleg og vise empati.
For å kunne bruke yrkestittelen ambulansearbeidar må ein ha autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Det blir stilt særskilte krav om kompetansebevis for utrykkingskøyretøy (førarkort klasse B). Vidare er det krav om god helse og god vandel.