Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Du lærer
- idéutvikling og kreativ problemløysing
- om brukarstøtte, nettverk, IT-sikkerheit og programmering
- innhaldsformidling og historieforteljing
- foto, film og grafisk design
- kommunikasjon og marknadsføring
Passar for deg som
- kreativ
- interessert i IT, nettverk og programvare
- interessert i visuelle uttrykksformer
- nøyaktig
Du kan bli
- IT-utviklar eller IT-driftsteknikar
- mediedesignar, medieteknikar eller medieprodusent
Arbeidsstader kan vere
- IT-driftsselskap og IT-avdelingar
- multimediebedrifter, reklamebyrå eller forlag
Vidare utdanning
- Videre utdanning 1: Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er meint for dei som har gått yrkesfag.
- Videre utdanning 2: Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse – etter Vg2 eller
- Videre utdanning 3: – etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du høve til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, til dømes ingeniørstudium, realfagsstudium og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
- Videre utdanning 4: Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er meint for deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innanfor realfags- og ingeniørstudium.