Idrettsfag
Du lærer
- om fysisk aktivitet og trening
- treningsleiing
- om helse, kosthald og oppbygginga av kroppen
- teoretiske fag
Passar for deg som
- likar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
- vil utvikle deg gjennom trening, innsats og samarbeid
- ønskjer å bli betre i éin eller fleire idrettar
- er interessert i kropp og helse
Om du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli
- fysioterapaut, idrettspsykolog eller personleg trenar
- lærar, idrettskonsulent eller rådgivar innan fysisk aktivitet og helse
- leiar innan naturbasert friluftsliv og turisme
- politi, befal eller offiser
- Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet
Arbeidsstader kan vere
- skolar
- treningssenter eller idrettsorganisasjonar
- behandlingsinsitusjonar
- militær- og politivesen
Opptakskrav til høgare utdanning
- Opptaksprøver: Forsvaret og politihøgskolen har fysiske minstekrav. Med idrettsfag får du eit godt grunnlag for å gjennomføre fysiske testar.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På idrettsfag kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.
Val av fag
- Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan idrettsfag og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
- Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
- Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
- Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
- Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.